Strikking

Strikk ein vakker julekjole til vesla 

Har du begynt å tenke på julekjole til ei lita jente? Det har i alle fall eg. Eg gler meg veldig til jul, og har lyst til å strikke noko til alle eg er glad i. Det var den tida då..

I fjor strikka eg ein kjole til den nesten to månader gamle babyen min, og det var ei kjekk førebuing til juletida. Ein skikkeleg juleraud kjole i alpakka og silke, med strikkasløyfe og litt bling i knappane. Den skulle ha puffermer også, men eg rakk det rett og slett ikkje. Den blei heldigvis fin uten ermene.

Det var denne, finkjole med puffermer, av Marte Helgetun.

Eg skal definitivt strikke ein kjole i år også. Men det er så mange flotte oppskrifter der ute, at eg ikkje har klart å bestemme meg. Og no begynner eg å få dårleg tid!

Her er kandidatane:

(Eksterne bilder er lånt etter avtale)

Dansekjolen til Ministrikk – kan kjøpast her: Dansekjolen

Blomsterkjolen til Paelas – kan kjøpast her: Paelas.com

Prinsessekjolen til Strikkezilla – kan kjøpast her: Prinsessekjolen

Påfuglkjolen, Blondekjolen eller ein av dei andre til Knitting for Olive: Kjoler


Blondekjole – gratis oppskrift på Femina.dk: Blondespencer  (Gratis!)

Eg har nettopp strikka Prinsessekjolen til 1-årsdagen til vesla, så eg trur eg vil prøve meg på ei anna oppskrift no. Den var veldig kjekk å strikke, rask og relativt enkel, men likevel lærerik og interessant. Eg likar å auke vanskelegheitsgraden for kvar oppskrift eg strikkar. Skikkeleg strikkenerdete, I know…

Her er nokre andre kjoletips, i tilfelle du ikkje er nøgd med dei flotte eg har vald ut over. Desse oppskriftene er alle gratis:


Leaf love dress

Paulina dress

Wee penny dress

Girls dress with lace

Little Hedda av Garnstudio

Håpar du vart inspirert til å strikke ein kjole 😃 Happy knitting!

LoveKnitting

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s