Nettbutikkar · Strikking

Kjøpe garn frå utlandet?

Det er ikkje noko problem å kjøpe garn frå utlandet, du må berre sjå an butikkane. Ser det proft ut og har butikken gode kundetilbakemeldingar, så er det som regel heilt greit å handle der.

Ein butikk eg handlar litt hos, er Loveknitting.com. Dette er ein stor, proff nettbutikk med super service. Leveringa er veldig rask og dei har lav frakt, og garnet er i postkassa i løpet av få dagar. Dei er faktisk raskare enn enkelte norske nettbutikkar!

Butikken har ulike sal heile tida, og eit stort og spennande utval. Men ullgarn er jo ikkje spesielt billig i utlandet, så det er lurt å regne på det før ein bestiller. I dei store nettbutikkane kan ein velge kva valuta ein vil ha prisane i, så då er det jo veldig greit å sjå kor mykje det blir.

Eg har også handla handfarga garn på Etsy.com, det fungerte veldig bra. Men der er det jo mange ulike, imdividuelle selgarar. Eit tips er å sjekke kundetilbakemeldingane på Etsy-sida før du handlar.

Det du må passe på når du handlar frå utlandet er at summen av varene + frakt ikkje er over 350 kroner. Er det over, kan det hende du må betale meirverdiavgift og toll. Du kan rekne ut kva summar det er snakk om hos Toll.no: Tollkalkulator

I tillegg må du betale fortollingsgebyr til Posten. Dei fortollar pakken din automatisk, og gir deg rekninga. Sist eg måtte betale dette var det på rundt 150 kroner, men det er fleire år sidan.

Det er ikkje alle varegrupper det er toll på. Det er ikkje toll på garn, så då er det 25% mva. du må betale, pluss fortollingsgebyret til Posten.

Eg anbefalar deg å prøve, det er mykje spennande garn der ute!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s