Strikking

Bella-teppet er ferdig! 

Eg har eit alvorleg tilfelle av strikkedilla, og sidesjukdommen «oppleggssjuka».

Eg vil mykje heller begynne på nye, spennande prosjekt enn å fullføre det eg har begynt på.  Eg surfar stadig rundt på nett etter nye oppskrifter og nytt garn, og er frykteleg ustrukturert. Men no skal eg skjerpe meg!

Har strengt bestemt meg for å strikke ferdig alt eg har begynt på, skrive strikkeliste og få oversikt over kva garn eg har i hus. 

Første prosjekt eg no har fullført er eit Bella-teppe til min nyfødde nevø. Han er litt over ein månad gammal no, og har nettopp fått teppet. Det skulle eigentleg vere gåve før han vart fødd, så søstera mi kunne ha det med seg på føden, men med tre små ungar i hus og seriøs oppleggssjuke så gjekk det skeis. I tillegg kom han litt før tida.

Anyway, teppet er ferdig og overlevert, og eg er kjempestolt. Det er det første, «store» strikkeprosjektet eg har fullført som er strikka etter diagram. 

Strikkeoppskrifter har eit eige språk, og det er ofte mykje som ikkje står der. Vital info for oss nybegynnarar. Heldigvis var mitt første diagramprosjekt berre eit panneband, så det gjekk greit å rekke det opp nokre gonger..

Bella-mønsteret er jo så vakkert, det er ein av grunnane til at eg bestemte meg for å lære meg å strikke. Og når teppet no er unnagjort blir det nok både kjole og anna frå heftet.

Mønsteret ser frykteleg vanskeleg ut for ein fersking. Men det er overraskande lett og kjekt å strikke. 


Oppskrift: Heftet Babystrik på pinde 3 av Lene Holme Samsøe, Bella-teppe

Garn: Sublime baby cashmere merino silk, kjøpt hos Loveknitting.com. Eit heilt fantastisk garn, så mjukt og deilig!! Kjem definitivt til å kjøpe meir av dette.

Pinne: 4 (brukte tjukkare garn enn oppskrifta seier, så då måtte eg ha tjukkare pinner også)

Tidsbruk: Har ikkje anelse…

Konklusjon: Kjekk oppskrift, ikkje for vanskeleg. Ein kjem inn i diagrammet etter ei stund, så ein treng ikkje sjå på oppskrifta heile tida. Kjem definitivt til å strikke fleire! Kanskje i pledd-størrelse, som eg såg på ein annan blogg, med tjukkare pinner og garn.

Lurer du på å strikke Bella-teppe? Det er berre å hive seg i det! Happy knitting 😄

2 thoughts on “Bella-teppet er ferdig! 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s