DIY

Lag dine eigne typografi-kunstverk

Typografi-trenden har lenge prega motebiletet både innan interiør og kle, og plakatar, bilde og plagg med ord og bokstavar er framleis hot.
Med design-appar på mobil eller nettbrett kan du enkelt lage dine egne typografi-kunstverk – til veggen, heimesida, bloggen eller sosiale media. Og ja, det er enkelt. Heilt sant!

På ti minutt kan du trylle fram verk som ser ut som dei er laga av grafiske designarar – om du har den rette programvaren.

I motebildet er det stort sett franske og engelske ord og tekstar – eg synst det er finare med ein personleg tvist og mitt eige språk. Kva med denne på veggen?

Laga med iPad-appen Moldiv. Skriv tekst, prøv ulike skrifttypar (fontar), og vel eit grafisk element/mønster/figur e.l.
Eller denne?

Laga med appen Font Candy. Start appen, vel bilde, vel format/beskjæring (f.eks. Facebook-banner eller Instagram-grafikk), legg til tekst og grafikk, og lagre ned eller del. Easy peasy!
Fransk spåk er så elegant! laga med appen Canva.
Eller kva med strikkedilla på veggen?

Felles for appane Canva, Over, Moldiv og Font Candy er at dei er enkle å bruke, og ein styrer alt med fingrane. Du kan fritt flytte rundt på teksten, gjere den større og mindre, rotere den, endre farge osv. Du kan også legge til grafiske element, kantborder, rammer, labels/»klistremerker», figurar, symbol osv. Og sjølvsagt bilde. Det ferdige resultatet kan enkelt lagrast ned på iPaden eller lastast opp for deling på e-post eller sosiale media.

Moldiv er veldig bra på bildekollasjer, her er det nesten uendelege mulegheiter om du skal lage bildekollasje til Instagram, Facebook, blogg eller veggen heime.

Eg brukar desse appane til blogg og sosiale media, men også til å lage f.eks. bursdagskort og merkelappar som eg skriver ut og klipper til, og veggkunst som eg rammar inn. Det er berre å prøve seg fram!

Når du er nøgd med designet er det berre å skrive det ut og henge det opp! Eg har ein heil ok Canon Pixma multifunksjonsskrivar som eg brukar til å skrive ut både bilde og tekst. Problemet med det, er at den største utskrifta eg får er på vanleg A4-størrelse, 210 mm × 297 mm. Skal du ha større plakater må du enten kjøpe skriver som tar A3, eller bestille prints hos ett firma. Du kan f.eks. snakke med ett lokalt reklamebyrå, de har ofte store, profesjonelle skrivarar.

Det er også mogleg å bestille print frå profesjonelle trykkeri via nettet. Viss du googlar «printe plakater» kjem det fleire nettenester der du kan bestille eigne trykksaker.

Steg for steg-instruksjon

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s