Strikking

Strikk til barnehagestart

Strikkakle er supert å bruke i barnehagen, og ull er gull!

Sjølv om vi er midt i sommarferietida kan det vere lurt å starte på barnehagestrikkinga no, om ein skal vere sikker på å ha det klart til nytt barnehageår. Her er mine tips til kva du kan strikke til barnehageungen din. Eg skal strikke fleire ting på denne lista!

Basisplagg:

Genser – Osloanorakken frå Pickles. Kjappstrikka og anvendelig hettegenser. Eller deira superenkle bestefartrøye.

Tynn trøye/genser: Silkegenser frå Nøstebarn. Gratis oppskrift!

Bukse – Power leggings frå Garnstudio. Ullbukse med snøring. Gratis oppskrift!

Jakke – Bladrillejakke av Marianne Bjerkman, ei kjappstrikka, enkel og superfin jakke. 

Vottar Barnehagevottar frå bloggen strikke-hekle.  Strikka vottar sit mykje betre på handa enn vanlege kjøpevottar, og kan brukast som fôr i regnvottar. Gratis oppskrift!

Hals – enkel, klassisk og praktisk, frå bloggen Strikkefrue. (Skjerf er av tryggleikshensyn ikkje anbefalt å bruke i barnehage, mellom anna då det kan sette seg fast i leikeapparat o.l. under leik). Gratis oppskrift!

Sokkar – Det kan aldri bli for mange ullsokkar.. Her er ei enkel, norsk sokkeoppskrift med gode illustrasjonar: BoerboelHeidi Her er ei grunnoppskrift frå Gjestal, på sokkar i ulike storleikar: Grunnoppskrift  Begge oppskriftene er gratis.

Luer – Hjelmlue frå Sandnes garn sitt hefte Enkel strikk. Held både hovud og hals varme. Heftet har fleire enkle, praktiske oppskrifter til barnehagebarn, f.eks. jakke, lue og tøflar. Og Lille bie-lua frå Tiddelibom.no. Nydeleg lue med god passform!

Leggvarmarar – Fideli leggvarmarar frå Drops/Garnstudio, eller ein enklare variant frå bloggen Majas hobbykrok. Gratis oppskrift!

TøflerTova Marius-tøfler frå Sandnes garn. Gratis oppskrift!


Koseteppe

Barna skal jo sove i barnehagen, og då kan det vere koseleg å ha med seg eit lite teppe som mamma har strikka. Det gir ekstra tryggleikskjensle både for mamma og barn ❤  Pickles.no har gratis teppeoppskrifter for ein kvar smak, nesten alle oppskriftene er for nybyrjarar: Tepper og kos

Litt meir avansert:

Flettetights frå Vilde Sørdal. Kjempefine til både kvardags og fest! Både praktiske og dekorative, kan brukast aleine eller under skjørt/shorts.

Nordic leggings frå Ministrikk. Kule strikkebukser som også er praktiske!


Hverdagsprinsessen – ullkjole frå Tina Hauglund/Strikkezilla

Gudrunkjole av Knitting Inna. Nydeleg, mønstra heilårskjole med lange armar.

Petrakjolen av Charlott Pettersen, fin, nostalgisk strikkakjole.

Ull er naturlig, mykt og trenger ikke å vaskes så ofte. Det tar ikke til seg lukt så lett. Det er lett og luftig. Det er vanskelig å antenne. I tillegg til å isolere godt mot kulde, er ull kjølende når det er varmt ute. Det er slitesterkt. Og du kan ha et ullplagg livet ut. Som fiber er ull rett og slett et av naturens mirakler. Og saueull egner seg veldig godt til å lage klær av.

Kjelde: Ingun Grimstad Klepp, forsker ved Statens institutt for forbruksforskning (SIFO) og Tone Skårdal Tobiasson, forfatter og journalist, i intervju i Dagsavisen.no

Håpar du fann noko å strikke til barnehageungen! Tips meg gjerne om andre fine oppskrifter. Happy knitting ❤

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s