Nettbutikkar · Strikking

Dei finaste strikkeoppskriftene til baby

This slideshow requires JavaScript.

Det finst så utruleg mange dyktige strikkedesignarar som lagar oppskrifter til baby og barn, og strikkelista mi vert stadig lengre. Eg rekk vel ikkje strikke alt før veslejenta vert for stor for babyklea! Her er nokre av mine favorittar.

Knitting for Olive lagar dei finaste oppskriftene. Eg er forelska i både blondekjolebody og kløverdrakt, og har kjøpt begge oppskriftene.

Norske Tiddelibom har også utruleg fine strikkeoppskrifter til baby, mellom anna Olavas sommerdrakt, ein nydeleg babyromper med holmønster. Dessverre finst den berre opp til 6 mnd., så veslejenta mi er for stor allereie.

image
Olavas sommerdrakt frå Tiddelibom.no
Knit by you er ein ny, norsk nettbutikk som har mange flotte digitale strikkeoppskrifter frå norske uavhengige strikkedesignarar. Eg har kjøpt meg oppskrift på vakre Tulip playsuit av designer @knit_by_trinep, og trur kanskje det blir ein Sommerlig shorts av @knit_by_giil også. Så mykje fint!

Oppdatering november 2016: Knit by you selger ikkje lengre strikkeoppskrifter, men ein kan finne dei fleste oppskriftene hos Woolspire og på Ravelry. Sjå info på framsida på Knitbyyou.no.

Paelas står bak den populære Kjappstrikka drakt, og har eit stort utval av flotte oppskrifter til baby og barn. Strikkeboka deira som kom ut i fjor er ein visuell nytelse!

image
Kjappstrikka drakt frå Paelas.
I Sandnes garn sitt hefte Smårollinger kan du finne oppskrifta på clara-kjolen. Ein favoritt!

image
Clara dress frå Sandnes garn.

Bella-mønsteret er eit populært strikkemønster som prydar både babyteppe, kjole, tunika og jakke. Strikkedesigner Lene Holme Samsøe står bak dette, og du finn oppskriftene i heftet «Babystrik på pinde 3». Trurikkje det går å få tak i digitale oppskrifter, men heftet kan du finne i ulike strikkebutikker. Mellom anna hos Todamer.no.

image
Bella babyteppe frå Lene Holme Samsøe, heftet Babystrik på pinde 3
På Loveknitting.com kan ein kjøpe oppskrift på den royale babyjakka Princess Charlotte Baby jacket. Dette er ein kopi av ei strikkajakke som dotter til Prins William og Kate har brukt.

image
Genser frå Loveknitting.com
Sist, men ikkje minst: Eg falt heilt for Quince and co sin spesielle babycardigan. Den finst i alle storleikar, heilt opp til vaksen. Ved første augekast likte eg ikkje mønsteret, men plutseleg snudde eg om. Skal strikkast!

image
Genser frå Quince & co
Håpar du fann noko du likte her. Del gjerne dine favorittar i kommentarfeltet. Happy knitting!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s