Strikking

10 flotte strikkeoppskrifter til deg sjølv

Det er sommar, og tid for ferie og late dagar. Eit godt tidspunkt å kunne strikke noko til seg sjølv, og ikkje berre til dei søte små!

Eg har starta på to flotte cardigan-prosjekt til meg sjølv, Fnug av Thea Rytter og Mammas bladrillejakke av Marianne Bjerkman. (Begge to er kjøpeoppskrifter)

Skjermdump frå oppskriftene.

I tillegg strikkar eg på Leaving cowl, ei gratis oppskrift på hals(Svensk oppskrift med direkte nedlastbar pdf-fil).

image

Det er ein liten hals i fint bladmønster, som skal bli gåve til ei venninne som elskar gult!

På strikkeønskelista står følgjande oppskrifter:

Aranami shawl – eit lite sjal med fancy bølgemønster. (Kjøpeoppskrift på Ravelry, på engelsk)

Raglan sweater – gratis, dansk grunnoppskrift på raglangenser, med forslag til og diagram for fine mønster, f.eks. geometriske trekantmønster eller bølgemønster, striper eller spansk blonde. Med pdf til direkte nedlasting!

Berroco Odele – enkel og lekker v-utringet topp. (Engelsk kjøpeoppskrift)

Nordic summer socks av Garnstudio – har så lyst å strikke desse!

Purl Soho’s Chevron baby blanket – planen er å strikke dette i vaksenstørrelse, så eg har eit  deilig teppe å krølle meg saman under på sofaen.

Half fisherman easy headband, gratis engelsk oppskrift på hårband.

Spa cloth vaskeklutar – Enkle, små prosjekt å strikke innimellom! Knitpicks har fleire gratis mønster, f.eks. dette.

Med tre små barn blir det ikkje masse tid til strikking, men eg må vel klare halvparten før det blir 2017?!

Kva strikkar du på for tida?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s