Strikking

Enkel og kjapp sommarstrikk til baby

Er du ute etter eit strikkeprosjekt til ein liten baby? Her får du gratis oppskrift på eit supert, enkelt og kjapt teppe som garantert vil bli veldig godt motteke. Praktisk, mjukt, luftig og lett – ein favoritt i babyperioden til alle mine tre barn! Og alle kan strikke det – uansett ferdigheitsnivå!

img_1963Til ein vinterbaby brukar eg gjerne merinoull/babyull. Men til ein sommarbaby er det perfekt med deilig garn av alpakka og silke.

Dette prosjektet passar fint til strikking på stranda, i bilen, flyet, framfor tv’n – ein kan fint klare det utan noko særleg konsentrasjon. Og ein kan strikke det på nokre få kveldar.



Dette treng du:

  •  4 nøster garn, f.eks Drops Baby Alpaca Silk.
  • Rundpinne nr 5

Oppskrift:

1. Legg opp 3 masker på pinnen. Strikk 1 pinne.

2. Frå no av skal du strikke kvar einaste pinne som følgjer, heilt til du er halvvegs: strikk 1 maske rett, 1 kast, strikk pinnen ut. Gjenta dette til du har fått teppe halvparten så stort som du ønsker, ca 1 1/2 nøste er god babystørrelse.

3. No begynner fellinga. Strikk 1 maske, 1 kast som du har gjort heile tida. Deretter strikkar du 3 masker saman, så resten av pinnen rett.

4. Når du har 3 masker att feller du av. Strikk 2 masker saman, dei to siste saman, og trekk tråden gjennom siste maska og stram.

Teppet skal vere luftig, lauststrikka og det gjer ingenting om det er litt ujamnt. Vil du ha ein meir stabil kant på teppet kan du strikke fleire masker før kastet, f.eks 4 masker, så kast.

Vask det  i ullvask utan parfyme (handvask el. ullvask i vaskepose/putetrekk e.l.), brett det fint saman og bind ei sløyfe rundt, så har du ein perfekt babyshower- eller barselgåve!

Happy knitting!

Kommenter innlegget