Mat

Det beste kvardagsbrødet

Eit nydeleg speltbrød du rører saman på ein reklamepause, utan elting. Og som er ferdigstekt same kvelden. Heilt sant!

Vi har ikkje kjøpt brød sidan eg vart gravid med vår førstefødde i 2011. Som førstegangsgravid vart eg veldig interessert i matkvalitet og -innhald, og kom tilfeldigvis over ei oppskrift på eit eltefritt, heimebaka brød som verka enkelt, sunt og godt. Sidan har vi ikkje sett oss tilbake, som dei seier. Det vart brått slutt på tørre butikkbrød utan smak og substans. Og eg og sambuaren min har frelst fleire i vår brødbakingslykkerus.

No har dette utvikla seg til ei slumpe-ruse-oppskrift, men eg skal forsøke å gjere det så nøyaktig at det går an for andre å bake brødet.

Innhald:

500 g speltmjøl, ca 50/50 fint og grovt

Ca. 1 dl havregryn

1/2 ts salt

1 ts sukker

1/2 pk tørrgjær

Ca 5 dl lunka vatn

2 ss rapsolje

Framgangsmåte:

1. Ha det tørre i ein bakebolle. Rør godt saman med ei skei/sleiv

2. Ha i lunka vatn og rapsolje. Bland saman. Deigen skal ha konsistens som havregraut.

3. Dekk bollen med eit fuktig kjøkkenhandkle (eller lokk/tallerk/plast)

4. Hev i 45 minutt. Sett så omnen på 205 grader over- og undervarme. Ha deiga over i ei brødform.


5. La brødet heve i forma i alle fall til omnen er varm. Steik det i 45 minutt i midten av omnen.

Ferdig! Ta brødet ut av brødforma og avkjøl på brødfjøla eller ei rist.

Viss du klarar det bør du vente minst ein time før du skjerer i brødet.

Er du glad i frø kan du tilsette eit par-tre hender med det i deigen. F.eks. ei hand med linfrø og to med solsikkefrø. Nydeleg!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s