Tankar · TV

Tusen takk, Skam!

Eg er Noora. Eg er Eva. Og eg er Vilde.  Opplevingar i ungdomstida har plaga meg i mange år. Men no er det på tide å slutte å skamme seg!

Etter å noko forvirra ha observert Skam-hypen nå stadig nye høgder, gav eg meg til slutt over førre veke. Eg binge-watcha alt eg fann på NRK nett-tv, og no er eg rastlaus ventande på neste episode.

Eg ser i houvdsak på Skam som underhalding. Men samstundes får det meg til å reflektere over mi eiga ungdomstid, ungdommen i dag, og framtids til ungane mine. Eg har innsett at eg framleis skammar meg over opplevingar i tenåra. Opplevingar som eg slett ikkje har skulda for aleine. Eg har berre vore veldig hard med meg sjølv.

«Vi skammar oss over vala vi tar, over seksualiteten vår, over det vi får til og det vi ikkje klarar»

Men tilbake til Skam. Serien har alt. Gode karakterar, flotte folk, bra skodespel, spennande dramaturgi, kul filming, spennande regi og viktige tema. Nyskapande, mellom anna gjennom at ein kan følgje karakterane i sosiale media, og lese meldingar dei sender kvarandre mellom episodane.

Serien er så verkelegheitsnær at vi trur på det. Og eg trur absolutt alle jenter kan identifisere seg med noko i ein eller fleire av karakterane. Alle har vi skamma oss. Og held fram med å skamme oss.

Vi skammar oss over vala vi tar, over seksualiteten vår, over både det vi får til og det vi ikkje klarar. Over det vi har og det vi ikkje har. Burde gjort, og gjer. Men skam er berre anger, skuldkjensle og dårleg samvit, multiplisert med andre sine dømmande haldningar.  Det er på tide å la det gå. Sette skammen fri. Slutte å angre, slutte å bekymre seg over kva andre tenker om ein, og tilgi seg sjølv. Vi har alle vore unge, gjort dumme ting, angra. Vi har alle blitt lokka til å gjere ting vi eigentleg ikkje vil. Og mange jenter har vore utsett for seksuelt press eller handlingar som har vore meir eller mindre ufrivillige.

Men no skal i alle fall eg tilgi meg sjølv, og starte med blanke ark. Og når eg skriv det her, blir det meir forpliktande. Fordi eg seier det høgt. Energien min skal brukast på meir framtidsretta ting enn anger og skam. Eg håpar du også vil tilgi deg sjølv, uansett kva du har vore med på. Det er ikkje berre din feil. Du bør ikkje bere skammen aleine. Det ordnar seg alltid, om du berre lar det bli bra. Slutt å skam deg!

Har du ikkje sett Skam? Då er det på tide! Sjekk her: NRK nett-tv og her p3

Skjermbilde 2016-05-28 kl. 16.06.08

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s