Strikking

Strikka Frost-inspirert panneband

Då 4-åringen min skulle i bursdag til ei venninne frå barnehagen, fekk eg lyst å strikke ei gåve til henne. Valet falt på eit panneband, og sidan Frost (Disney-filmen, veit du..) er stort i barnehagen måtte det bli eit Elsa-panneband.
Eg leita høgt og lågt etter oppskrift, men på nettet fann eg berre sydde Frost-panneband. Eg såg for meg korleis det skulle sjå ut, men med lite strikkekunnskap måtte eg ha oppskrift. 

Fann til slutt eit flettestrikka panneband på Pinterest, og nøster i rett farge på den lokale garnbutikken, så då vart det Frost-panneband til slutt!

Eg brukte eit nøste Rauma Puno Metallic (fantastisk mjukt og deilig garn!) og eit nøste Drops Karisma. Som du ser var det mykje garn att.

Det var kjapt gjort å strikke dette, og flettestrikk var slett ikkje så skummelt som eg trudde. Kjem definitivt til å strikke meir fletter!

Puno Metallic var eigentleg for tjukt til dette, men eg vart uansett nøgd med resultatet. Det vart også ho som fekk gåva!

Og her er resultatet:

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s