DIY · Strikking

Strikke-apps på mobilen

Som teknologi-nerd med strikkedilla har eg sjølvsagt strikke-appar både på iPhonen og iPaden.

Med slike appar kan ein halde styr på ulike strikkeprosjekt, rekne ut korleis ein kan auke eller felle jamnt fordelt, telle omgangar og mønsterrapportar, finne oppskrifter, lage oppskrifter, lære å strikke og få hjelp og instruksjonar.

Her er nokre av appane som finst der ute:

  • Strikke

Ein av svært få norske strikkeappar eg har funne. Gyldendal Norsk Forlag sin, med eit utval av oppskrifter frå Marte Helgetun, Paelas, Pickles, May B. Langhelle, Bente Myhrer m.fl.img_5383

I appen er det også strikkeinstruksjonar og verktøy; auke/fellekalkulator, omgsngsteller og masketabell.

Den er gratis, men ein kan kjøpe enkeltoppskrifter i appen. Prisar på oppskriftene er hovudsakleg mellom 11 og 55 kroner. Er også nokre få gratisoppskrifter i appen.

 

 

  • Strikkehjelpen

Gratis strikkekalkulator og strikkehjelp for nybyrjarar.

Gode instruksjonar ved hjelp av bilde og tekst. Omtale av ulike teknikkar og forkortingar. Ein god app laga for iPhone.

img_5384-1

  • JKnit HD Lite

Engelsk gratisapp som er veldig grei å ha for sånne som meg, som fyller opp mobilen med pdf-oppskrifter.

Du kan importere alle oppskriftene inn i appen, og holde styr på kor langt du er komen i ulike mønster med ei markeringsstripe.

Appen hugsar kvar du er i ulike prosjekt, og du kan notere, halde styr på garnforbruk, legge inn bilde m.m.

  • Knit

Strikketeller der du kan holde styr på framgang i ulike strikkeprosjekt, og telle rader og masker. Enkelt og greit!

  • Knitting

Eit enormt utval av ulike strikkeoppskrifter som er til sals. På engelsk. Her er oppskrifter på alt frå interiør og vesker til kle, sjal og smykke/øyrepynt.

  • Knit evenly

Ein enkel og grei strikkekalkulator for å auke eller felle jamnt fordelt. Denne brukar eg ein del.

  • KnitCompanion

Litt som JKnit, importer oppskrifter, hald styr på mønster, marker kvar du er. Her er også teller, tilgang til Ravelry-oppskrifter m.m. Har nettopp lasta ned denne, skal prøvast ut framover. Verkar veldig lovande!

  • How to knit

Her kan du rett og slett lære å strikke! Steg for steg-strikkeskule. Kvar strikkeferdigheit du lærer i appen er følgt opp med ei oppskrift. Appen er gratis, oppskriftene kostar pengar.

Tips meg gjerne om andre appar 🙂 Happy knitting!

2 thoughts on “Strikke-apps på mobilen

  1. Hei,

    Jeg og min bror har laget en app for hvordan felle eller øke jevnt fordelt til iPhone eller iPad. Den er norsk og enkel å bruke. Heter Strikkekalkulator og finnes i App Store nå.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s