Nettbutikkar · Strikking

Wohooo, garnsalg!!

«No er det mogleg å gjere skikkelege kupp på ullgarn på nettet. Nettbutikkane sel ut ullgarn for å gjere plass til meir sommarlege garntypar og -fargar. Så her er det berre å hamstre til hausten! (Som om ikkje garnlageret er aaaalt for stort allereie… 😁)

Her er nokre av godbitane eg har funne på nett:

Garnius: Har superprisar på Du store alpakka sine Sterk og Hexa (faaaantastiske garn!) og fleire Drops-garn, mellom anna Baby merino, Baby alpaca silk, Extra fine merino og Air. Det er 40 % på fleire av garna i butikken. Har handla der fleire gonger, og er supernøgd!

(Eg har kjøpt meg supermjukt Air-garn for å strikke Marianne Bjerkman si flotte «Mammas bladrillejakke» og Extra fine merino for å strikke diverse babykle)

Pickles: Vårsal på knappar, ulike ullgarn og diverse tilbehør, 20-50 %. Pickles sel sitt eige garn, som eg er stor fan av! Dei har også hundrevis av eigne oppskrifter, mange av dei gratis. Love!

Strikkepikene: Nettbutikken har 35% avslag på alle Drops sine ullgarn i heile mai.

Woolspire: Har ulike tilbod på diverse garn (sjå under menyen «Tilbud»), i tillegg til 10 % rabatt på alt på grunn av lagerflytting og litt lengre leveringstid.

Tips meg gjerne om fleire garnsal!

bloggurat

strikk.net

bloggurat

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s