Strikking

5 flotte tepper å strikke til babyen

Det er ikkje noko som er så inspirerande for strikkinga som ein baby å strikke til. Babyplagg er supersøte, og dei er små og høvesvis raske og lette å strikke. Og tepper er supre uansett kor lite du har strikka før. Sjølv med fancy mønster er dei ganske enkle å strikke. Her kjem nokre av mine babyteppefavorittar:

1. Bella-teppe frå heftet «Babystrik på pinde 3» av Lene Holme Samsøe

Utruleg fint bladmønster, ser veldig vanskeleg og imponerande ut. Men har du knekt koden med strikke-diagram, så er det kjekt å strikke det! Kunnskapane du treng er å strikke rett, vrang, kast og strikke masker saman. That’s basically it.

Eg held på å strikke dette no, og kosar meg stort med det. Det skal bli gåve til nevøen min, som kjem i juni 🙂 ❤

(Heftet kan kjøpast i enkelte strikkebutikkar, mellom anna Todamer.no, Sandnes garn og sommerfuglen.dk. Det kostar rundt 150 kr, og er absolutt verdt det. Kjempefine oppskrifter på både kjole, topp, cardigan m.m.)

image

2. Chevron baby blanket

Chevron-mønster er framleis hot, dette superfine teppet har eg lyst å strikke! Gratis oppskrift: Chevron baby blanket

Purlsoho.com har også gratis oppskrift på eit nydeleg chevron-teppe, det er kanskje enda finare, og er kjappare å strikke:  Purl Soho Chevron baby blanket

3. Soft as a cloud baby afghan – gratis pdf-oppskrift på nett!

Sjå her: Soft as a cloud

Eg har ikkje strikka dette, men det står på to do-lista. Elskar geometriske mønster, og dette trekantmønstrete teppet ser superfint ut.



4. Popcorn baby blanket

Eit enkelt og morsomt popcorn-teppe, gratis pdf for nedlasting her: Popcorn baby blanket

img_1162

 

 

 

 

 

 

 

5. Sheep baby blanket

Dette supersøte teppet med små sauer krever litt meir enn berre strikking, men det ser ikkje vanskeleg ut. Eit supersøtt og morsomt teppe! Gratis oppskrift og framgangsmåte her: Two sisters crafting


Det er jo litt urettferdig å legge ut så mange fristande strikkeoppskrifter på engelsk utan noko forklaring, så har laga ei engelsk strikkeordliste her: Strikkeordliste

I tillegg kan du finne mange flotte, norske, gratis strikkeoppskrifter fornybyrjarar hos Pickles.no: Tepper og kos

Her er eit anna innlegg med to andre flotte babytepper: 5 supre og enkle strikkeoppskrifter til baby

Og her er fem flotte hentesett: Strikk hentesett til babyen

One thought on “5 flotte tepper å strikke til babyen

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s