Baking · Mat

Foccacia-kanelbollekake? Ny familiefavoritt!

Lise Finckenhagen diska opp med det danske bakverket «brunsviger» på God Morgen Norge for nokre dagar sidan. Det såg så utruleg godt ut, så eg måtte berre prøve å bake det sjølv. Og det var både enkelt og fantastisk godt! Ein ny favoritt hos alle i familien.

Brunsviger er som ein krysning mellom kake, kanelbolle og foccacia. Du trykker deigen ned i ei langpanne, lagar masse hol/groper med fingrane og tømmer ei blanding av smelta smør, brunt sukker og kanel over. Nam!!

Hugs ei god spiseskei med kanel i smørblandinga, og nyt bakverket mens det er lunt. Då er fyllet flytande og nydeleg! Det kan fint varmast opp forsiktig i omn dagen etter. Det var like godt i dag 🙂

Du finn oppskrifta her hos TV2 – anfebalast på det varmaste!

Eg gjorde ei endring på oppskrifta, eg bytta ut kveitemjøl med fint speltmjøl. Eg bakar berre med spelt, då vi har ein i hus som reagerer på kveitemjøl. Spelt er jo betre på smak og meir næringsrikt, så det er vinn-vinn!

image
Nydeleg, saftig dansk bakverk med brunt sukker, kanel og smelta smør. Elsk!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s