Strikking

5 supre og enkle strikkeoppskrifter til baby

Har du lyst til å lære å strikke? Eller kan du det, men skjønner ikkje heilt vitsen med sånne gamle husmoraktivitetar? Strikk eit babyteppe eller to, så blir du ganske sikkert hekta! Eller kva  med ei skjønn, mjuk babylue, eller ein cardigan?

Strikking er verkeleg i vinden for tida. Strikking er den nye yogaen! Dei siste årene har det eksplodert med strikkebloggar, strikkebøker og garnbutikkar på nett. Eg ante ingenting om dette før eg skulle ha barn for 4 år sidan, og fann ut at eg ville prøve å strikke eit teppe. Sidan har det eskalert fullstendig, og eg er blitt strikkegal..

Huset er fullt av garn og strikkebøker, iPaden full av oppskrifter og hovudet er fullt av planar. Dessverre strikkar ikkje hendene like fort som hovudet…

Her er 5 gode oppskrifter som passar bra for nybyrjarar. Og dei ser mykje meir avanserte ut enn dei er – eg lovar!

  1. På veg-helseteppe frå Pickles.no

På veg- helseteppe frå Pickles, strikka i Pickles Extra fine merino.
På veg- helseteppe frå Pickles, strikka i Pickles Extra fine merino.
Eg verkeleg elskar dette teppet! I den mjukaste merinoulla, laust og luftig strikka, i eit mønster som ser avansert ut – men er veldig enkelt! Det er genialt å pakke inn babyen i, sommar som vinter, og det er fint nok til å bruke som vognteppe. Dette var det andre strikkeprosjektet eg fullførte i mitt liv – kven som helst kan klare det!
Oppskrift: På veg-helseteppe

Pickles.no er forresten ein genial nettstad med enkle oppskrifter, gode forklaringar og guidar, og oppskriftene er merka med vanskelegheitsgrad. Dette teppet er ei gratis oppskrift. Eg anbefalar å kjøpe garn på samme sida, garnet deira er fantastisk å strikke med.

Servicen er også veldig god, og dei sender varene kjapt.

På veg-helseteppe i "jentefargar". Her er veslesøster på veg heim frå sjukehuset, fire dagar gammal.
På veg-helseteppe i «jentefargar». Her er veslesøster på veg heim frå sjukehuset, fire dagar gammal.

2. Mor Signes teppe frå Nøstebarn

Eit lett, luftig, klassisk teppe som er deilig å pakke inn babyen i! Det finst ulike versjonar av oppskrifta i ulike forum på nettet. Hos Nøstebarn kan du få originaloppskrifta, eg er ikkje sikker på korleis den er. Her er den eg har brukt – omtrent like enkelt som å strikke skjerf i formingstimen på barneskulen!

Babyteppe i ull

1. Legg opp 3 masker på pinne nr. 6, auk med 1 maske på kvar pinne til du har 6 masker.
2. Strikk 3 masker, 1 kast i starten av kvar pinne. Strikk slik til 
du har brukt ca 125g garn (lite teppe), eller 200g (stort teppe).
3. Felling: Strikk 3 masker, 1 kast, 3 masker sammen i starten av kvar pinne. Strikk til du har 6 masker igjen. Då feller du 1 maske per pinne til det er 3 masker att.
4. Fell av. Ta-daaa! Fiks ferdig babyteppe!

Er du heil blank i forhold til kast, felling osv.? Gå til Garnstudio.com, de har veldig gode instruksjonsvideoar!

3. «Liten lue» frå May B. Langhelles «Myk start»

Ei super bok, med mange flotte oppskrifter til baby. Kjøp den! «Liten lue» er ei veldig fin babyhue. Eg strikka den i baby alpakka silk, den blei utruleg fin og mjuk. Og varm!

image

4. Sokker/booties frå «Myk start»

Jepp, du kan strikke babysokkar/-sko sjølv om du ikkje er spesielt erfaren med strikkepinnane. Eg lovar! I Myk start-boka er det fleire forskjellige fine oppskrifter.

5. Kjappstrikka babycardigan

Enkel og fin babycardigan, som er rask å strikke! Gratis oppskrift på Loveknitting.com:

Quick oats cardigan

imageSkjermdump frå Loveknitting.com

Her er det bare å kaste seg i det! Kva er det verste som kan skje ? Happy knitting 🙂

4 thoughts on “5 supre og enkle strikkeoppskrifter til baby

  1. takk for eit fint innlegg! kan vera vanskeleg å vita kva ein kan strikka til babyer som faktisk funkar. dette var jo flott! mor signes babyteppe har eg alltid tenkt at eg må strikka hvis eg blir gravid, for det er jo perfekt i sin enkelhet. på veg-helseteppet strikka mi mor til mitt tanteborn, og det vart innmari fint. dei har óg så mange fargar å velge mellom. 🙂

    1. Tusen takk for fin kommentar, den første eg har fått ever 🙂
      Utruleg fin blogg du har, vakre bilde og nydeleg tekst.
      Pickles er supert, båd oppskriftene, garnet og instruksjonane. Var nettstaden deira som fekk meg til å byrje å strikke. Elsk 🙂

      1. takk for fint svar! forundrar meg at eg var første kommentar! 🙂 ja, det var faktisk pickles som fekk meg til å få lyst til å strikka sjølv for snart to år sidan. har vore litt for mykje der nede (butikken er typ 10 minutt unna der eg bur), så no må eg ha ein liten pause for å ikkje fylle opp heile leilegheita!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s