Kvardagstips

5 ting du kan gjere mens du ammar

Det er utruleg koseleg med baby og permisjon. Men det er ikkje til å stikke under ein stol at det går med veldig mykje tid til amming, spesielt dei tre første månadene. Ein får gjort veldig lite anna. Då kan det hjelpe litt å vere effektiv med det ein kan – mens ein ammar. Det er faktisk mulig å få gjort noko! Men det er sjølvsagt også viktig å ta seg tid til berre å amme også, og få kontakt med det vesle underet, utan å få dårleg samvit av den grunn.

image
Foto: Anton Nossik, CC, wikimedia

Når eg skal få gjort ting mens eg ammar, riggar eg meg til i sofaen med iPad, lommebok, mobiltelefon, strikketøy og stor ammepute. Gjerne også nettbank-kodebrikke og rekningar eller andre remedier eg treng for å fikse ting på nett.

5 tips til ting du kan gjere mens du ammar:

  • Betale rekningar
  • Handle kle og sko (Helst planlagte/nødvendige innkjøp, og helst på salg. Sjekk litt prisar på nett!)
  • Planlegge bursdag/dåp eller andre arrangement. Finn inspirasjon på Pinterest, bordpynt og diverse partyartiklar kan ein gjerne handle superbillig på Ebay.
  • Surfe etter matoppskrifter, planlegge middagar og innkjøp for den neste veka.
  • Strikke! Og gjerne til babyen.

Men det er som sagt viktig å kose seg med amming og baby også. Tida går så alt for fort, ein får den aldri att!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s