Ukategorisert

No skal eg slutte å lese foreldrestoff på nett… Trur eg

No er eg skikkeleg dritlei av sjølvransaking og dårleg mammasamvit!
Er dette feil? Skadar eg barna mine for livet om eg kjeftar på dei no? Vil dei bli fornuftige og empatiske sjølv om mamma kastar vitet ein gong inn i mellom, når alle ungane gaular i kor, og mamma ikkje har spist eller sove særleg mykje, men må få alle ut i bilen for å levere i barnehagen?

Dette er kjensler som gjerne melder seg etter at eg har lest foreldrestoff på nettet. «Slik oppdragelse tar barna dine skade av», «Dette får barna varige mén av», «Slik oppførsel øydelegg sjelslivet til barna dine». Det er saker om kva som skjer med ungane dine om du kjeftar på dei, om du ikkje set grenser, om dei blir tvinga til noko – eller får gjere som dei vil, om dei ikkje et fem om dagen og gurglar tran, om dei byrjar i barnehagen som eitt-åring, eller går heime i mor sine skjørt til dei er to-tre. Det er til og med forskarar som har fastslått kva den perfekte aldersforskjellen på søsken er, og er dei yngre eller eldre når dei får søsken – så kan dei visst ta skade av det. Dette er det både skrive mykje om, og det har vore tv-innslag om det. Kva med alle oss som har bomma på dette då? Og som i tillegg har bomma på barnehageinntaksdatoen? Skal vi straffe oss sjølve for resten av livet, og overvåke ungane for å sjå etter teikn på seinskader fordi det berre er to år i mellom dei – og ikkje mellom 3 og 4 år, som visstnok er ideellt?

Kva med oss som har bomma på den perfekte aldersforskjellen? Tar barna skade av det?

Dette er stoff som opptar dei fleste foreldre, stoff som stadig vekk dukkar opp i sosiale media, og det er saker som alle mulege ekspertar elskar å uttale seg om. Eg har lest utruleg mykje sånt stoff. Alt for mykje!
No har eg nyleg blitt trebarnsmamma, og mammasjølvkjensla har både minka og samstundes auka for kvart barn.  Med nummer ein forsøkte eg å vere perfekt (etter andre sine standardar), med nummer to og nummer tre har du faktisk ikkje tid til det. Kven skal du trøste når alle tre skrik samstundes? Er det 4-åringen, 2-åringen eller babyen på 6 veker som tar mest skade av å grine utan umiddelbar trøst? Kor skadeleg er det? Kor lenge kan dei grine utan å få varige skader? Kven bør eg trøste som nr. to?  Ein kan jo bli sprø av mindre. Men det eg endeleg har skjønt no, er at eg må slutte å lese dette moraliserande foreldrestoffet, og uansett ta slikt med ei klype salt. Det er viktig å hugse på at forskingsresultata blir presenterte og tolka av ein eller fleire journalistar – og at både journalist og forskar er vanlege menneske med eigne meiningar og fortolkingar. Og det er aldri det fulle og heile bildet som vert presentert, det er ikkje mogleg eller leservennleg å gjere i ein artikkel. Dessutan finst det ikkje eit einaste 100 % objektivt menneske i verda, alle er farga av sine eigne opplevingar og erfaringar, politisk ståstad, bustad, familie,  verkelegheitsoppfatning og verdsbilde.

I staden for moraliserande familiestoff kunne eg heller tenke meg meir konkrete tips til korleis få kvardagen til å fungere. Korleis legge tre barn under 4 år samstundes, aleine? Korleis lage middag med tre barn under 4 år – aleine, og utan at nokon skadar seg på kniv, komfyr, kjeler? Korleis kle på, mate og levere to småbarn i barnehagen i storm- og med ein nyfødt baby på armen? Korleis vaske og dusje ein 2-åring med bæsj frå navlen til knea, mens babyen skrik og 4-åringen treng hjelp til kveldsstell, tannpuss og dogåing? Det er tusen ting eg kunne tenke meg tips om. I staden er veldig mykje av foreldrestoffet moraliserande og dømmande, og handlar om kva vi IKKJE skal gjere. Kva hjelper no det?

Eg ønsker meg meir foreldrestoff med konkrete tips og råd, ikkje moralisering og dømming.

Bruk sunn fornuft og magekjensle, og stol meir på deg sjølv – det er mine viktigaste tips til andre foreldre. Og senk skuldrane – samstundes om du forsøker så godt du kan å vere eit godt forbilde for barna dine. Så enkelt og så vanskeleg…
Barna lærer det meste av å kopiere deg. Både dei konkrete ordene du brukar, og måten du oppfører deg på. Så ropar og kjefter du mykje, er det veldig stor sjanse for at dei vil gjere det same tilbake – både til deg og til andre. Ein møter seg sjølv ofte i døra – 4-åringen min trugar meg på same måten som eg har truga han. «Viss ikkje du et middagen din, så får du ikkje dessert». «Viss ikkje du ryddar opp, så får du ikkje ha leikar i stova». Sånne ting er det fort gjort å seie når ein ikkje kjem nokon veg med verken forsøk på oppfordringar, spørsmål eller kommandering av ein sta 4-åring. No får eg dette slengt rett tilbake i fjeset sjølv. Right back at me. «Viss ikkje eg får høyre musikk under middagen, så nektar eg å ete». «Viss ikkje eg får melk no, og du gir meg glaset mitt, så dør eg». «Viss ikkje eg får lov til dette, så flyttar eg til eit anna hus», er det siste nye. Han skal altså rømme. Inni meg held eg på å tørne av all forhandlinga, dillinga, diskuteringa. Men utanpå må eg prøve å vere roleg og forståelsesfull. Av og til eksploderer det i upedagogiske utrop. Det er ikkje kjekt!
Så no øvar eg meg på å telle til ti og heller gå ein tur ut av rommet og ut av situasjonen…

Eg forsøkte å løe på 4-åringen med eine armen, mens eg amma babyen med den andre..

I dag tidleg var det fullt kaos i gangen, 4-åringen ville plutseleg ikkje ta på seg skoene sjølv (noko han pleier å vere flink til). Samstundes nekta 2-åringen å ha på seg vinterstøvlar. Han skulle ha tynne joggesko, sjølv om det er vinter og storm ute. Og på toppen av dette var lillesøster på 6 veker skrubbsvolten, skreik og måtte ammast. Så eg forsøkte å kle på 4-åringen vintersko med snøring (angrar på det kjøpet ja..) med den eine handa, samstundes som eg heldt babyen og amma med den andre armen. Mens 2-åringen skreik og hoppa rundt. Etter at storebror var påkledd hadde eg tre-fire rundar med å forsøkte å tvinge på 2-åringen vinterskoa. Skrikinga og protestane eskalerte. Så kom eg plutseleg på eit godt foreldretips eg hadde lest på nett. Viss ungen nektar å ta på seg sko eller jakke når ein skal avgarde til barnehagen, så får de berre gå utan ut i bilen- om det er muleg eller forsvarleg i den aktuelle situasjonen/vêret sjølvsagt.

«Då får du gå utan sko då, vi må i barnehagen no», sa eg og tok toåringen under armen, uten sko på, og bar han og barnehagesekken ut i bilen. Då begynte han å grine etter skoa sine. Eg trøsta han med at skoene låg i sekken, og at han skulle få dei på seg så snart han sat fint i bilsetet. «Ja», sa han, og slo seg endeleg til ro. Slutt på spørring, masing, krangling, kamp og hyling. Vinterskoa sklei på, utan ein einaste protest. Ein nøgd liten gut sprella med skokledde bein i bilsetet. Halleluja!
Framover skal eg definitivt forsøke å gjere fleire slike smarte vriar, så morgonane blir betre for både store og små.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s