Strikking

Eg strikkar!

Då eg gjekk gravid tidlegare i år fekk eg plutseleg for meg at eg skulle lære meg å strikke. Ikkje sånn rett fram-skjerf-og-gryteklut-strikking, men plagg og faktiske mønster.

Eg har i alle år berre slått fast at eg ikkje kan strikke. Har aldri vore spesielt flink til handarbeid, trur eg. Men til første babyen min i 2011 strikka eg eit av Nøstebarn sine populære Mor Signe-tepper. Det er det første fullførte strikkeprosjektet mitt ever, og er eit overkommeleg prosjekt med kun vanleg rillestrikk og auking av masker.

Til den andre babyen i 2013 auka eg ambisjonane, og strikka Pickles.no sitt fantastiske «På veg-helseteppe» i deira ekstra fine merinogarn. Eit fantastisk deilig teppe, laga med deilig og lettstrikka garn. Det ser veldig avansert ut, men som er veldig lett å strikke. Perfekt for nybyrjarar! Eg elskar framleis det teppet, og det gjer 2-åringen min også. Han har det i senga si, som koseteppe.

IMG_2337
På veg-helseteppe i lysegrått og ulike grønfargar.

Då eg vart gravid med nummer tre blei det både Mor Signe-teppe OG Pickles sitt babyteppe i vinterversjon. Begge i rosa- og lillafargar, sidan det var ei lita jente på veg. Så vart eg plutseleg lysten på meir, og begynte å surfe etter oppskrifter, strikkebøker, bloggar og instruksjonar. Både strikkinga og leitinga gav meg mykje, det var kjekt, avslappande, motiverande og inspirerande. Og eg følte kontakt med babyen i magen som eg strikka til. Det enda med at eg strikka babysokkar, luer, babybooties, omslagsjakke, bukse og body. Og etter at babyen kom har eg strikka julekjole, og starta på ein poncho. Det har teke litt tid, og eg har brukt nokre timar på å sjå og lese instruksjonar på nett undervegs i strikkinga. Eg har iPaden med meg når eg strikkar, og slår opp det eg treng når eg treng hjelp. Veldig greit at det finst så mange strikkesider der ute! Og Google er gull.

IMG_8871
Pickles På veg-helseteppe i lilla, rosa og kvitt. Her er veslejenta på veg heim frå barselavdelinga på sjukehuset.

Her er dei to nettstadene eg i hovudsak har brukt for å lære meg å strikke:

Pickles – blogg, oppskrifter og nettbutikk
Garnstudio – oppskrifter og instruksjonsvideoar

Oppskrifta på helseteppet finn du her:

På veg-helseteppe

Favorittnettbutikkar er Woolspire og Strikkepikene.
Favorittpinnar er Knitpro sine pinnar i tre. Men no har eg ikkje prøvd så veldig mange ulike pinnar, eg berre falt for desse med ein gong eg begynte å strikke med dei. Favorittgarnet så langt er Pickles sin extra fine merino.

Strikkar du? Kva er i så fall dine favorittar? 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s